Austevoll kommune

Rådmannen inviterer til møte om framtidas pleie- og omsorgstenester i Austevoll kommune

Klikk for stort bilete

Rådmannen inviterer med dette politikarar, rådsmedlemmer og alle andre samfunnsinteresserte til eit ope informasjonsmøte om saka i kantina på Storebøportalen, måndag 21. januar 2019 kl 17.00.

Austevoll kommunestyre skal i møte 14. februar 2019 ta stilling til korleis pleie- og omsorgstenestene i kommunen vår skal drivast dei komande åra. Skal dei lysast ut på anbod? Skal kommunen ta over drifta? Eller skal ein velje ein kombinasjon av privat og kommunal drift?

Det er tidlegare bestemt at den gjeldande avtalen med Aleris skal gjelde fram til 30. mai 2020. Rådmannen skal legge fram saka for kommunestyret.

Saka skal også til uttale i dei ulike råda og formannskapet før endeleg handsaming og vedtak i kommunestyret. Saka er omfattande og prinsipiell. Dette er viktige tenester og funksjonar i eit lokalsamfunn.
I møtet vil vi forsøke å presentere saka med alle sine ulike sider og fakta, slik at flest mogeleg får eit grunnlag til å meine noko om denne viktige saka.

Bjarte Madsen

Rådmann

Fann du det du leita etter?