Austevoll kommune

Rapport om rekommunalisering av pleie- og omsorgstenestene i Austevoll kommune

Austevoll kommune har sidan 2013 hatt avtale med Aleris/Stendi AS om drift av heimetenester og pleie- og omsorgssenteret i kommunen.

Kommunestyret vedtok i februar 2019 at tenestene skal tilbakeførast til kommunal drift.


Rådmannen sette i april 2019 ned ei arbeidsgruppe som fekk i oppgåve å sjå nærare på tenestetilbod og organisering  av tenestene. 

Rapporten er no framlagt og ligg ved denne meldinga. (PDF, 2 MB)

Kort oppsummert er nokre av hovudpunkta i rapporten slik:

  • Etablering av heildøgn omsorgsbustader
  • Styrking av rehabilitering
  • Styrking av heimetenestene
  • Strukturere og auke talet på korttidsplassar
  • Reduksjon av institusjonsplassar
  • Etablering av vurderingsteam

Rådmannen ser at arbeidsgruppa har gjort eit grundig og samvitsfullt arbeid. Rapporten svarer på dei spørsmål mandatet reiser, og gir alternative løysingsmodellar innafor dei rammer som kommunestyret baserte sitt vedtak på.

Rapporten er eit godt grunnlag for å komme vidare i saka. Vidare framdrift er todelt. For det fyrste skal kommunestyret ta stilling til skalering og modell for framtidige tenester. Her gir rapporten og tidlegare saksframlegg  rammer og løysingsforslag som vil bli presentert for rådgjevande utval og kommunestyret som bestemmande organ. Dette vil etter planen skje i oktober 2019. Tilrådd modell vil også bli lagt inn i budsjettforslag som skal presentarast i november før endeleg vedtak i kommunestyret 19. desember 2019.

For det andre vil det bli starta ein administrativ prosess som skal sikre god og sikker overgang til kommunal drift. Rapporten peikar på at dette må starte så raskt som mogeleg - erfaringar frå andre kommunar viser at dette arbeidet ikkje må undervurderast. Rådmannen vil snarast råd peike ut ei prosjektgruppe til å leia førebuingane. Dette må supplerast med god informasjon til tilsette i Stendi og kommunen. Tilsette, tillitsvalde og verneombod må takast med på råd slik at prosjektet får tilslutnad og medverknad frå alle partar. Denne prosessen må starte opp uavhengig av kva driftsmodell kommunestyret konkluderer med.

Bjarte Madsen

Rådmann