Austevoll kommune

Re-opning meirope bibliotek

Gladmelding: Biblioteket startar opp att med meiropen tilgang.

Frå og med tysdag 13. oktober vil det igjen verta mogleg å bruke lånekortet til meiropen tilgang til biblioteket.

Vi oppmodar folk om å halde minst 1 meter avstand til kvarandre og vera nøye med å ha reine hender. Antibac er tilgjengeleg i lokalet. Unngå å ta for mykje på ting du ikkje skal låne med deg heim. Har du symptom på Covid-19, eller er i karantene, skal du ikkje oppsøkje biblioteket.

Les om meiropen tilgang her: Meirope bibliotek