Austevoll kommune

Reglar for bruk av fyrverkeri


Politi og brannvesen oppmodar deg om å vise stor varsemd ved bruk av fyrverkeri. Både bakkefyrverkeri og stjerneskot kan gje alvorlege skadar om det vert brukt på feil måte. Auge og ansikt er spesielt utsett for skader, så bruk vernebriller.

Bruk av fyrverkeri er berre lov på nyttårsaftan mellom klokka 18.00 og 02.00. Du skal ikkje brenna av fyrverkeri, uansett klasse, dersom det kan oppstå fare for brann eller personskade.

I Noreg er det totalforbod mot å skyte opp rakettar med styrepinne. Bruk av naudrakettar er alltid forbode dersom det ikkje er ein reell naudsituasjon.

Flygande lanterner med tent flamme utgjer ein brannrisiko. Brannsjefen viser til dei generelle vedtaka om aktsemd i brann- og eksplosjonsvernlova, og forbyr all bruk av desse.

Sender du ei lanterne opp i lufta har du ingen kontroll på flammane, og det er umogleg å styre kvar den landar. Lanterna kan difor antenne ein brann utan at du veit om det.


10 gode råd om bruk av fyrverkeri:

  1. Førebu fyrverkeriavfyringa i god tid og finn ein eigna stad til avfyringa
  2. Les bruksanvisninga nøye før bruk
  3. Kontroller at fyrverkeriet ikkje er skada
  4. Sørg for at fyrverkeriet ikkje kan velte
  5. Bruk tennstav. Ikkje bruk lighter, fyrstikker eller anna open flamme
  6. Bruk vernebriller
  7. Bøy deg aldri over tent fyrverkeri. Når du har tent lunta, bør du raskt snu ansiktet vekk og komme deg på trygg avstand
  8. Ikkje tenn fyrverkeriet på nytt dersom det ikkje tenner ved første forsøk
  9. Hald god avstand frå oppskytinga
  10. Alkohol og fyrverkeri høyrer ikkje saman

http://www.sikkerhverdag.no/

Fant du det du leita etter?