Austevoll kommune

Rekneskap 2020 Austevoll kommune

Rekneskapen for 2020 viser eit positivt resultat på 35 millionar kroner. Overskotet blir lagt til disposisjonsfondet som no utgjer kr 110 millionar. I 2020 passerte driftsinntektene 500 millionar kr for første gong.

Nærare informasjon om rekneskapen finn du på nettsida vår, i sakslista til kommunestyremøtet 25. februar. Der ligg rekneskapsrapportar og kommentarar frå rådmannen.

Her er nokre av nøkkeltala for kommunen i 2020 (samanlikna med 2019):

Nøkkeltal for kommunen 2020 del 1
Postar 2020 2019
Driftsinntekter 519,6 473,7
Driftskostnader 481,5 457,6
Brutto driftsresultat 38,1 16,1
Netto driftsresultat 34,9 9,5
Disposisjonsfond 110,6 78,4
av dette er Havbruksfond 74,1 42,1
Kontantbehaldning 3112 153,8 98,8
Lånegjeld 588,5 575,3

 

Nøkkeltal for kommunen 2020 del 2
Postar 2020 2019 Måltal
Resultatgrad 6,70 % 2,01 % (måltal 1,75%)
Disposisjonsfond % 21,20 % 16,50 % (måltal 13%)
Brutto lånegjeld % 113,20 % 121,40 % (måltal 90%)

Rekneskapen skal reviderast og leggast fram for kontrollutvalet før det skal godkjennast av kommunestyret i junimøtet.