Rekneskap 2022 for Austevoll kommune

Austevoll kommune har levert rekneskapstala for 2022.

Rekneskapen viser at me hadde ein samla omsetnad på kr 577 mill, og eit netto driftsresultat på kr 28,0 mill. Dette gir ein resultatgrad på 4,8 prosent, noko som er høgare enn måltalet vårt på 1,75 prosent.

Disposisjonsfondet vil bli tilført nye midlar med kr 24,5 mill. – fondet er no på kr 150,7 mill. Netto lånegjeld er kr 566 mill, dette er 98% av bruttoinntektene våre. Måltalet vårt er 90%, og me er på rett veg.

Rekneskapet vil no bli lagt fram for revisorane våre før det blir presentert i kontrollutvalet saman med årsberetninga - endeleg godkjenning skjer i kommunestyret i juni 2023.