Austevoll kommune

Røykvarslardagane 4.-6. desember 2018

74 branndøde i Hordaland sidan år 2000.

I perioden 2000 til 2017 var det 4 774 bygningsbrannar i fylket. Dei mest brannfarlege månadene var januar med 516 brannar, og desember med 502. Ingen personar er så langt i år omkome i brann i Hordaland.

Levande lys, peiskos, bruk av komfyren og meir bruk av elektrisk utstyr utgjer ein ekstra risiko i juletida, særleg i kombinasjon med inntak av alkohol. Gjer det difor til ein hugseregel å byte batteri 1. desember, som er røykvarslardagen, seier Kato Veivåg brannmeister.

Alle bustader skal ha røykvarslarar eller brannalarmanlegg, og du må ha minst éin varslar i kvar etasje. Alarmen skal kunne høyrast tydeleg i opphaldsrom og soverom, også når døra mellom romma er lukka.

Kople røykvarslarane saman
Du bør kople røykvarslarane saman, slik at alle varslarane pip samstundes ved brann. Dette kan gje deg verdifull tid til å evakuere, til dømes om ein brann startar i kjellaren og du søv i andre etasje. Det kan vere med på å redde liv, seier Veivåg.

Røykvarslarar bør testast jamleg og kvar gong du har vore bortreist over lengre tid. Det er også ein fordel å støvsuge den jamleg. Det aukar levetida til varslaren.

40 000 bustadkontrollar
Om lag 40 000 husstandar over heile landet får 4. - 6. desember besøk av lokale brannvesen/feiarvesen og eltilsyn med tilbod om gratis og uforpliktande sjekk av brann- og eltryggleiken i bustaden.

Det er ein enkel kontroll av branntryggleiken, med rettleiing og informasjon. For dei som bur i huset er sjekken frivillig og kontrollørane vil legitimere seg når dei ringjer på, seier Veivåg.

Røykvarslardagen er eit samarbeid mellom brann- og feiarvesenet, et lokale eltilsyn, Norsk brannvernforening, Gjensidige og Direktoratet for samfunnstryggleik og beredskap.


røykvarslerdagen.no finn du nyttig informasjon om tiltak som betrar branntryggleiken.


Kontaktpersonar lokalt:
Kato Veivåg Brannmeister tlf 90848498


  •  
 
 
Fant du det du leita etter?