Austevoll kommune

Samarbeid med Røde Kors om frivilligheit

Austevoll Røde Kors skal bistå kommunen i samband med koronapandemien.

Austevoll kommune og Austevoll Røde Kors har inngått avtale for handtering av frivillig innsats under koronapandemien. Austevoll Røde Kors går inn som frivillig hjelpeinstans ved behov.

Samarbeidet blir forvalta av Austevoll frivilligsentral og frivilligkoordinator Ann May Storebø. I Røde Kors er Gro van der Meeren og Anny Sørvik prosjektleiarar.

Austevoll Røde Kors har oversikt over frivillige som kan hjelpa til med køyring av blant anna daglegvarer som sit klare for oppdrag.

Oppdraga må meldast til frivilligkoordinator, som vidareformidlar til Røde Kors.

Kontaktinformasjon:

Personar som treng hjelp til å handle og butikkar som treng hjelp til å få køyra varer ut til kundar kan kontakte Ann May Storebø, telefon 482 80 623, eller Gro van der Meeren, telefon, 941 68 742 for å få hjelp.

Austevoll frivilligsentral opplever også auka innmelding av frivillige desse dagane, noko som er heilt fantastisk! Kommunen oppmodar alle frivillige som er disponible til å jobba med barn, til å gå inn på politiet sine sider og søker om politiattest snarast.

Søknadsprosessen kan ta lenger tid no, men søk snarast slik at du er disponibel om det skulle bli nødvendig.

Søk politiattest her.

Meld deg også gjerne som frivillig hos Røde Kors. Dei har eit godt opplegg for opplæring av sine frivillige.

Meld deg som frivillig!