Austevoll kommune

Sankthansbål 2019?

Meld frå til servicekontoret, (kommunehuset 2. etasje) på telefon 55 08 10 00 mellom kl. 0800 og 1500.
 

Har du planar om å tenne opp sankthansbål? Då må du hugsa å senda inn melding til brannvesenet først. 

Meld frå til servicekontoret på dagtid. Er du seint ute kan du melda direkte til vakthavande i brannvesenet på mobil 911 60 851.

Hugs:
Den som tenner bålet har det heile og fulle ansvaret for at dette vert gjort på ein forsvarleg måte.

Hugs å ta omsyn til vær, vind og området du er i
Sankthansaftan er rett rundt hjørnet og mange planlegg å brenna sankthansbål. Mange er allereie i gang med å byggja båla sine. Hugs at bålet skal ha ein ansvarshavande som skal sjå til at bålet blir bygd og brenn på ein forsvarleg måte. Ved bygging og opptenning av bål, er det viktig at du tidleg tenkjer over kva faktorar som kan spele inn når flammane først har tatt tak. Som til dømes plassering og vindretning.
 
Kva skal på bålet?
Det er berre tillate å brenna reint trevirke, hageavfall og greiner. Behandla tre, gummi og plast, avgjer farlege gassar som er direkte helseskadelege og har ingenting på eit bål å gjera. 

Kven er ansvarleg?
Vi minner om at det er den som brenn bålet som har ansvaret for branntryggleik og at brenninga skjer i tråd med kommunen sitt regelverk. ​

 

Hans Petter Bjånesøy                                                                                                      

Brannsjef

Fann du det du leita etter?