Austevoll kommune

Satsing på barn og unge i kommunebudsjettet

Barnevernet og psykisk helsearbeid overfor ungdom blir styrka i kommunebudsjettet for 2019.

Torsdag førre veke vedtok kommunestyret budsjettet for 2019. 
 
Brannvesenet får meir pengar til drift, og det skal dessutan brukast éin million kroner på å oppgradere brannstasjonen. I tillegg skal barnevernet styrkast, og det er sett av midlar til ei ny stilling som skal jobbe med førebyggjande psykiske helsearbeid overfor ungdom. Dette er nokre av tiltaka kommunestyret vedtok i budsjettet.
 
For enkeltheits skuld kan me dele budsjettprosessen i to delar. 
 
Rådmannen har regien for den første delen. Han jobbar med einingane, avdelingane og administrasjonen sin gjennom hausten, og legg til slutt fram eit heilskapleg budsjettforslag. Når rådmannen har gjort jobben sin overleverer han budsjettet til politikarane. 
 
Del 2 er arbeidet som skjer i og mellom partigruppene i kommunestyret. Då jobbar politikarane fram alternative budsjettforslag. I dette arbeidet tar utgangspunkt i rådmannens forslag, og kjem med forslag til endringar av dette. Budsjettet skal først behandlast av formannskapet. Etter formannskapsmøtet skal budsjettforslaget som blei vedtatt liggje på høyring i minst 14 dagar, før budsjettet endeleg skal behandlast og vedtakast i kommunestyret.
 
I år var det eit felles budsjettforslag frå Høgre, Arbeidarpartiet og Kristeleg Folkeparti som blei vedtatt av kommunestyret, med 14 av 20 stemmer. Framstegspartiet og Senterpartiet fremja kvar sine budsjettforslag, som fekk høvesvis 5 og 1 stemmer.
 
Medan rådmannen særleg la vekt på å styrke budsjettet til brann og beredskap, blei det lagt stor vekt på tiltak retta mot barn og unge, og barnefamiliar, i budsjettet som blei vedtatt.

  • 459.375 kroner til éi ny stilling til førebyggjande psykisk helsearbeid blant ungdom
  • 306.250 kroner til ny 60 prosentstilling i barnevernet
  • 201.825 kroner til redusert foreldrebetaling i SFO for familiar med låg inntekt
  • 145.000 kroner til at sosialhjelpsmottakarar skal behalde barnetrygda, og at denne ikkje skal trekkjast frå som inntekt før utrekninga av sosialhjelpa
  • 100.000 kroner i auka løn til avlastarar, for avlasting av barn og unge med nedsett funksjonsevne
  • 75.000 kroner for å reversere kutt til Visit Austevoll, og for å satse på reiseliv og fleire anløp av snøggbåten i Bekkjarvik
  • 30.000 kroner for å auke opningstida på Austevoll folkebiblioteket på laurdagar til kl. 16.00
  • 30.000 kroner til kulturbilletten
  • 25.000 kroner til strandrydding og miljøtiltak

Inntektsramma i budsjettet er 442 millionar kroner. Dette er ein auke på kring 17 millionar kroner samanlikna med budsjettet for inneverande år. Budsjettert driftsoverskot er 3,8 millionar kroner.
 
Det blir lagt opp til 66,5 millionar kroner i investeringar i 2019, der låneopptak står for dryge 43 millionar kroner av dette. 
 
Det skal mellom anna investerast knappe 42 millionar kroner i utbygginga av Austevoll ungdomsskule. I tillegg er det sett av 2 millionar kroner for å kjøpe inn skule-PC til alle elevar i den kommunale grunnskulen, 5 millionar kroner for å bygge veg til Austevoll fiskerihamn, 800.000 kroner til oppgradering av Austevoll idrettsanlegg, og oppgraderingar på Austevoll pleie- og omsorgssenter (700.000 kr), kommunehuset (300.000 kr), omsorgsbustader (1,6 mill. kr), brannalarmanlegg i fleire kommunale bygg (900.000 kr), og oppgradering av Bekkjarvik bufellesskap og Birgittunet til 2 millionar kroner. Det er sett av 1,5 mill. kroner til oppgradering av kommunale vegar.
 

Fant du det du leita etter?