Austevoll kommune

SIM overtek fakturering av renovasjon og slamtømming

Austevoll kommunestyre har vedtatt at kommunale avgifter for renovasjon og slamtømming skal fakturerast av SIM.

Kva har denne endringa å seie for deg som mottakar av faktura for renovasjon og slamtømming?

  • Første faktura for renovasjon og slamtømming frå SIM, kjem som papirfaktura sendt til postadressa di.

  • Om du ønskjer avtalegiro eller e-faktura, må du opprette det på nytt i nettbanken din.

  • Spørsmål om faktura som gjeld renovasjon og slamtømming skal rettast til SIM på telefon 53 45 78 50 eller e-post sim@sim.as.

Send informasjon til SIM når det gjeld:

  • Melding om endring av eigar, adresse m.m. for bustaden/fritidsbustaden.

  • Søknad om fritak for renovasjon og slamtømming.

Informasjon om renovasjon- og slamtømming er å finne på SIM si nettside www.sim.as.

Faktura for feiing og tilsyn vil framleis sendast frå Austevoll kommune.

Det er venta at fakturering frå SIM vil starte i veke 13.