Austevoll kommune

Sjukepleiarstreiken er avslutta

Regjeringa varslar tvungen lønsnemnd for å avslutte konflikten mellom NHO og Norsk sjukepleiarforbund. Det betyr at pleie- og omsorgstenestene i Austevoll ikkje blir råka av lockout.

Førre torsdag varsla NHO at den ville gå til lockout i samband med den pågåande konflikten mellom NHO service og handel og Norsk sjukepleiarforbund. Lockout ville betydd at sjukepleiarane som er tilsette ved pleie- og omsorgssenteret og i dei heimebaserte tenestene i Austevoll, ville blitt utestengt frå arbeidsplassane sine.
 
— Ein lockout ville hatt alvorlege konsekvensar for brukarane våre, og me er ikkje i tvil om at det raskt ville utgjort ein fare for folks liv og helse, seier ordførar Morten Storebø.
 
— Me ønska oss sjølvsagt at konflikten blei løyst av partane. Samstundes rekna me det som usannsynleg at det ville skje. Av omsyn til dei som har krav og trong på gode helse- og omsorgstenester så var derfor tvungen lønsnemnd heilt nødvendig, seier Storebø.
 
Då varselet om lockout blei kjent for Austevoll kommune, blei det sett i gang arbeid for korleis ein kunne handtere ein slik situasjon. Rådmann Bjarte Madsen fortel at dei hadde planane klare.
 
— Viss konflikten ikkje blei avblåst, var me førebudde på at kommunalt tilsette sjukepleiarar kunne gå inn i drifta, og eventuelt å flytte bebuarar og brukarar til sengeplassar i Bergen og Fjell. Men heldigvis slapp me å gjennomføre noko av dette, seier Bjarte Madsen.
 
I ettermiddag kl. 17.00 vart det halde informasjonsmøte for pårørande. Sjølv om arbeidskonflikten altså ikkje råka Austevoll har situasjonen blitt opplevd som krevande.
 
— Sjølvsagt skapar det utryggleik når det er varsla at sjukepleiarar ikkje får kome inn på arbeidsplassen og gjere jobben sin. Mange bebuarar, brukarar, pårørande og tilsette har vore urolege, seier rådmann Bjarte Madsen.
 
Lockouten skulle tre i kraft frå midnatt natt til onsdag, men i ettermiddag varsla arbeids- og sosialminister Anniken Hauglie at regjeringa foreslår tvungen lønsnemnd for å avslutte konflikten.
 
— No er me mest letta over at konflikten ikkje blei ytterlegare tilspissa, og at det som kunne vore ein alvorleg situasjon til slutt blei ei god beredskapsøving, seier Bjarta Madsen. 

Austevoll kommune var ikkje part i konflikten

Ordførar og rådmann understrekar at kommunen ikkje er part i konflikten mellom NHO og Norsk sjukepleiarforbund. Kommunen har derfor ikkje noko meining om konflikten og partanes posisjonar i denne. Både streik og lockout er etablerte og lovlege verkemiddel som skal kunne nyttast i arbeidslivet. Austevoll kommune er heller ikkje ukjent med å vere direkte råka av streik og som part i arbeidskonflikter. Austevoll kommune er tilknytta arbeidsgivar- og interesseorganisasjonen KS.
 
Streik og lockout vil som regel gå ut over ein tredjepart. Det som er meir sjeldan er at ein tredjepart i denne konflikten — Austevoll kommune — har ei eiga lovpålagt plikt å sørge for tenester som er direkte påverka av konflikten. Kommunens ansvar er heimla i helse- og omsorgstenestelovas § 3-1 som seier at "kommunen skal sørge for at personar som oppheld seg i kommunen, blir tilbydd nødvendige helse- og omsorgstenester".

I denne konflikten har Austevoll kommune meint at dette kravet etter helse- og omsorgstenestelova ikkje blir sett til side, og at kommunen må kunne gjere tiltak slik at plikta kommunen har etter lova blir etterlevd, sjølv om det pågår ein konflikt etter eit anna lovverk.

Kva er streik?

Streik er eit verkemiddel som arbeidstakarar kan bruke, for å tvinge fram ei løysing på ein tvist mellom ei fagforeining på den eine sida, og arbeidsgivar eller arbeidsgivarforeining på den hi sida. Ved streik går arbeidstakarar i lag om heilt eller delvis å stoppe og jobbe.
 
Les meir om streik i Store norske leksikon.

Kva er lockout?

Der streik er eit verkemiddel for arbeidstakarsida, så er lockout når arbeidsgivar (eller arbeidsgivarforeninga) heilt eller delvis stoppar arbeidet — med formål å framtvinge ei løysing på ein tvist mellom arbeidsgivar eller arbeidsgivarforeininga på den eine sida, og ei fagforeining på hi sida.
 
Les meir om lockout i Store norske leksikon.
 
Både streik og lockout er definerte i arbeidstvistlovas § 1. Den kan du fordjupe deg meir i her.

Kva er tvungen lønsnemnd?

I utgangspunktet er det sånn at samfunnet og råka partar må tåle ulempene som streik og lockout fører med seg. Men dersom arbeidskonflikten fører til fare for liv, helse og tryggleik — eller trugar kjempeviktige samfunnsinteresser, så kan staten gripe inn med tvungen lønsnemnd

Her kan du lese meir om tvungen lønsnemnd på nynorsk Wikipedia.

Fant du det du leita etter?