Austevoll kommune

Skal du tenne opp sankthansbål 2020?

Det er tillate å tenne opp sankthansbål så lenge det er i god avstand til bygningar, skogområde, vegetasjon og anna brennbart materiale. Her er brannvesenet sine tips for forsvarleg bålbrenning.

Bålbrenning skjer på eige ansvar.

I Austevoll skal du melde frå til servicekontoret, (kommunehuset 2. etasje) på telefon 55 08 10 00 mellom kl. 0800 og 1430 eller direkte til vakthavande i brann og redning på mobil 911 60 851.

Slik gjer du:

  • Bålet skal byggast av reine treprodukt. Impregnerte materiale gir frå seg giftige gassar ved brann. Det same gjeld skumgummimadrass, gamle sofaer, bildekk og liknande.
     
  • Bålet bør ikkje byggjast for stort. Kast heller på meir ved etter kvart.
     
  • Ikkje bruk bensin eller liknande til opptenning.
     
  • Er bålet høgt, bør det setjast fyr på midten. På den måten unngår du for store flammar og sterk varmeutvikling.
     
  • Ansvarleg vaksen skal sørgje for at bålet vert halde under kontroll
     
  • Sørg for at barn held god avstand til bålet. Kle barna i naturstoff som bomull og ull. Kunststoff er lett antennelege og kan smelte under sterk varme.
     
  • Ta omsyn til naboar. Røyken verker irriterande på slimhinner i auge og luftvegar, og representerer eit helse- og trivselsmessig problem for dei som vert eksponert.
     
  • Ansvarleg vaksen skal sørgje for at bålet vert slokka med rikelege mengder vatn. Finst det ikkje vatn på staden, må dette takast med.
     
  • I tørkeperiodar og ved sterk vind vil eit generelt forbod verta vurdert. Den ansvarlege pliktar å undersøkje dette før opptenning.
     
  • Ikkje gjer opp eld på svaberg eller bart fjell då dette gir varige skader på berget
  • Dersom du ikkje eig grunnen sjølv, hugs å få løyve frå grunneigar til å brenne bål.

Hans Petter Bjånesøy                                                                                                      

Brannsjef