Denne artikkelen er over 1 år gammel og kan innehold utdatert informasjon

«Snakke-robot» hjelper med kommunal informasjon



Kommune-Kari kan svara på mykje, og skal fungera som eit supplement til servicekontoret på kommunehuset.

I mai månad har det dukka det opp eit nytt ikon på Austevoll kommune sine nettsider. Det er Kommune-Kari, ein såkalla chatbot som i følgje utviklarane aldri vert lei av å svara på innbyggjarane sine spørsmål, jobbar døgnet rundt og vert smartare for kvar dag som går.