Austevoll kommune

Søk barnehageplass frå nytt barnehageår - frist 1. mars

Bruk Google Chrome som nettlesar når du søker. Du må opplyse om e-postadresse.

Her kan du søke om plass i barnehage

Kommunen skal legge til rette for ein samordna opptaksprosess og sikre likebehandling av barn i offentlege og private barnehagar.

For å søke må logge deg på med ID-porten. Dersom du har søkt tidlegare eller står på venteliste, treng du ikkje å søke på nytt.

Du kan følgje med søknadsprosessen ved å logge deg inn i foreldreportalen.

For å kunne følge med søknaden din må du ha oppgitt e-postadresse i Kontakt- og reservasjonsregisteret.

Sjekk informasjonen som er registrert på deg. Når du sender inn søknad får du tilsendt påloggingsinformasjon til foreldreportalen per e-post.

For å ha rett til plass i barnehage hausten 2020 må du oppfylle kriteria for dette og ha søkt innan 1.mars  

Les om reglar og rutinar som gjeld for opptak i barnehage

Resultatet av hovudopptaket er klart i løpet av mars månad. Ut over dette er det supplerande opptak i løpet av barnehageåret. Barnehagane tar opp barn dersom det er ledig kapasitet i barnehagen.

Treng du hjelp til utfylling eller har spørsmål kring søknad om barnehageplass, kontakt servicekontoret på telefon 55 08 10 00 eller du kan ta kontakt med den enkelte barnehage.

Kven kan søke om redusert foreldrebetaling/ gratis kjernetid?

Søknadsfrist for å søke om redusert foreldrebetaling er 15. mai 2020 dersom du skal få vedtak med verknad frå oppstart av nytt barnehageår.

Søker du seinare vil vedtaket få verknad frå og med første heile månad etter søknadsdato.

Les meir om tiltak for barn mellom 0 og 6 år som har særskilte behov