Austevoll kommune

Søk om pengar til bygdahus og lokalmiljøtiltak

No kan lag og foreiningar søke om pengar frå bygdahus- og lokalmiljøpotten.

Kommunestyret har vedtatt at det skal gjennomførast endå ei utbetaling frå bygdahus- og lokalmiljøpotten i år. Denne gongen er potten heile 1.250.000 kroner.

Løyvingane er ein del av kommunens tiltak for å motverke konsekvensane som koronasituasjonen har på lokale bedrifter. 

Formålet er å sikre gjennomføring av nødvendig bygge- og anleggsarbeid i og ved bygdahus, lokalmiljøanlegg og aktivitetsparkar, irekna tiltak for tur- og friluftsliv.

Søknadsfristen er tysdag 28. juli kl. 14.30.

Send søknad til postmottak@austevoll.kommune.no.

I vedtaket har kommunestyret streka under at frivillige organisasjonar som er mottakarar av tilskota skal bruka lokale verksemder på tiltaka så langt det lar seg gjera.

Det er også ønskeleg at tiltak kan gjennomførast så snart som mogleg.

Rettleiing til søknaden:

Oppgje gjerne følgjande informasjon i søknaden:

  • Namn på foreininga (og org.nr. viss ein har dét).
  • Leiar eller kontaktperson.
  • E-postadresse og telefonnummer.
  • Kor arbeidet/tiltaket skal utførast (gjerne med gards- og bruksnummer).
  • Kva arbeid/tiltak som skal gjennomførast.
  • Kor mykje pengar blir det søkt om frå kommunen.
  • Kva den samla kostnadsramma til tiltaket er.
  • Kva som er den estimerte byggetida.

Ta gjerne kontakt om du har spørsmål, tlf. 55 08 10 00.