Austevoll kommune

Søkelys på naturen!

Ynskjer innspel til kommunedelplan for naturmangfald. Planprogrammet er ute på høyring.

Austevoll kommune vedtok 28.oktober 2021 (sak 21/191) oppstart av kommunedelplan for naturmangfald. Dette stadfestar den politiske interessa for dette temaet. Planprogrammet er no lagt ut på høyring. Her ser du kva ein skal arbeide og korleis vi planlegger vegen fram mot endeleg plan.

Vi oppmodar innbyggjarar, lag og verksemder til å komma med innspel til planprogrammet.

Alle kommunar skal ta omsyn til nasjonale og regionale føringar når det gjeld utfordringar knytt til natur og klima jfm. St.meld 14 «Naturen for livet»

FN berekraftsmål- 5 fouksområde i Austevoll kommune.

I arbeidet med kommunedelplan for naturmangfald i Austevoll er hovudmåla:

  • Sette naturmangfald på dagsorden
  • Få oversikt over naturmangfaldet i kommunen
  • Ta vare på og redusera tap av naturmangfaldet i kommunen gjennom god berekraftig arealforvalting. 
  • Kommunen skal ha kunnskapsbasert forvalting av naturmiljøet som grunnlag for avgjersle og målretta tiltak.
  • Plan for naturmangfald skal vere grunnlag for mål i kommuneplanen sin samfunnsdel og arealdel.

Delmåla set fokus på:

  • Brei deltaking i prosessen
  • Kartlegga og få oversikt over naturmangfaldet i eigen kommune
  • Etablera eit kunnskapsgrunnlag om naturmangfaldet i eigen kommune
  • Skildra, vurdera og verdisetta viktig naturmangfald på land og i sjø
  • Etablera eit system om er lett forståeleg og lett å lesa for alle.
  • Ta særleg omsyn til universell utforming i planarbeidet. Framtidig saksutgreiing skal skildre korleis prinsippet om universell utforming er ivaretatt.

Frå november 2021 er det tilsett prosjektleiar som skal gjennomføra planarbeidet. Planen tar sikte på å bli politisk vedtatt i 2022.

I prosessen er det særs viktig med medverknad frå lokalbefolkninga. Me ynskjer oss brei medverknad frå born, unge, vaksne, lag og verksemder. Me vil at planen skal bli forankra i lokalsamfunnet vårt og vi vil invitere til møter i løpet av jan- februar 2022. 

Du er velkommen til å komma med innspel, merknader eller forslag til planprogrammet. 

HER FINN DU PLANFORSLAGET (PDF, 180 kB) 

Høyringsfristen er sett til 13. januar 2022.

Send innspel, merk gjerne med "natur": postmottak@austevoll.kommune.no