Austevoll kommune

Sosiale tenester og flyktningtenester

NAV Austevoll held til i 3. høgda i Austevoll helsehus på Storebø. Publikumsmottaket er no inntil vidare stengt grunna covid-19.  Du kan kontakte NAV via nav.no og DittNAV i din aktivitetsplan, eller  ved å skrive melding på "Send beskjed til NAV".  Her kan du også bestille time for samtale.

Frå 20.05.2020 kan du sende digital søknad om økonomisk sosialhjelp. Sjå informasjon og rettleiing under Økonomisk sosialhjelp.

I akutte situasjonar, til dømes at du akutt er utan pengar til mat, stad å sove komande natt eller andre akuttsituasjonar, kan du utover NAV sine opningstider på dagtid kontakte Austevoll kommune v/servicekontoret på tlf. 55 08 10 00.  I nødsituasjonar kan du og ta kontakt via nødtelefon 4080 0156.

På NAV Austevoll skal du få oppfølging som er naudsynt ut frå din situasjon til å kome i jobb. Våre medarbeidarar vil saman med deg snakke om din arbeidserfaring, utdanning, kompetanse, ferdigheiter, interesser og moglegheiter eller utfordringar for å kome i jobb.  Saman ser vi på og vurderar kva behov du har for hjelp frå NAV for å kome i arbeid. Har du behov for kvalifisering, arbeidstrening eller andre tiltak i samband med jobbsøking, skal vi saman med deg utforme ein plan for kva aktivitetar og eventuelle tiltak som vil vere aktuelle for deg.

 

NAV