Spelemidlar - Frist for søknad 1. oktober

Bilete av forsida til "Bestemmelser om tilskudd til anlegg for idrett og fysisk aktivitet - 2023"

Frist for å sende inn søknad om spelemidlar, for tildeling i 2024, er 1. Oktober 2023

Spelemidlar er overskotet frå Norsk tipping. Midlane kan nyttast til bygging eller rehabilitering av idrettsanlegg, nærmiljøanlegg og friluftslivanlegg. Det kan ikkje søkast om tilskot til drift og løypande vedlikehald. 

Det kan no søkast om spelemidlar i søknadsportalen. 

Lenke til søknadsportal: Søknadsskjema – Anleggsregisteret.no

Alle søknader som ikkje har fått tildeling eller har motteke delvis tildeling må også fornyast innan fristen 1. oktober.

Austevoll kommune send inn søknader til fylkeskommunen innan 15. januar. Mellom 1. oktober og 15. januar blir søknad kontrollert av Austevoll kommune, det vert difor høve til å supplere manglande dokumentasjon i denne perioden. 

Meir informasjon om ordninga finn du her:  Søk om spelemidlar - Austevoll kommune