Spelemidlar til Kongsen kultursal!

Vestland fylkeskommune sitt Hovudutval for kultur, idrett og inkludering løyver kvart år tilskot til kulturbygg i Vestland. Tilskotet er ein del av spelemidlane frå Norsk Tipping og vert fordelt frå Kulturdepartementet til fylkeskommunane.

Fylkeskommunen hadde 9,5 mill. kr til rådvelde for 2023. Det kom inn til saman 60 søknadar om tilskot til kulturbygg og 16 søkarar fekk tildelt.

Austevoll kommune søkte og har fått tildelt kr 750 000 til ombygging av elevaulaen på Selbjørn skule; Kongsen kultursal.

Me er særs glade for dette flotte tilskotet.

Du les meir om tildelinga her.