Austevoll kommune

Spørsmål om vaksinering av sjøfolk

Austevoll har mange sjøfolk som reiser utanriks og er borte lengre perioder om gongen. Vi har forståing for at det er usikkerhet om ein kan få dose til rett tid sidan ein er lenge vekke på jobb.

Regjeringa har no sagt dette om sjøfolk:

 «Vaksinering av sjøfolk:  Sjøfolk på utenriks- og havgående fartøy har ofte lange perioder hvor de er på fartøyet og ikke kan motta vaksine. FHI oppfordrer kommunene til å finne løsninger slik at disse i størst mulig grad sikres vaksine i henhold til den enkeltes prioritering. Det kan i noen tilfeller bety at vaksineringen må skje noe før eller med kortere intervall enn i utgangspunktet anbefalt for den aldersgruppen de tilhører. Sjøfolk skal ikke prioriteres opp som gruppe, men det gis her en åpning for at kommunene kan, hvis de selv finner det mulig, finne praktiske løsninger for at det enkelte sjøfolk kan rekke å få begge doser før påmønstring for å hindre at de blir vesentlig forsinket som følge av sitt fravær fra landet»

Det betyr at sjøfolk ikkje skal prioriterast framfor andre i same alder, men kommunen skal legge til rette for at sjøfolk ikkje blir hengande urimeleg langt etter aldersgruppa si i vaksinekøen.

Førebels har ikkje Austevoll kommune fått oversikt over kor mange vaksinedosar vi får utover sommeren, og det er derfor vanskeleg å lage oversikt over når dei enkelte gruppene skal få dose 1. Dose 2 blir uansett ikkje aktuell før i slutten av september – oktober for dei som ikkje er vaksinerte per i dag. Vi reknar med at aldersgruppa 25-39 år, som er siste aldersgruppe, får sin dose nummer 1 i slutten av august-begynnelsen av september.

Jobbar du på sjøen og ikkje er vaksinert med dose 1 enno?

Ta kontakt med kommunen dersom du:

  • er i aldersgruppa 44-52 år og ikkje er tilgjengeleg for vaksinering i tidsrommet veke 27-29
  • er i aldersgruppa 40-44 eller 18-25 år og ikkje er tilgjengeleg for vaksinering i veke 29-32
  • er i aldersgruppa 25-39 år og ikkje er tilgjengeleg for vaksinering i veke 31-35.
  • Arbeider på skip og mønstrer på/av utanfor Europa,  uansett alder.

Du kontaktar kommunen på e-post (ikkje send helseopplysningar) smittevern@austevoll.kommune.no . Opplys om fødselsdato, rederi, kor du seglar og  kva tidsrom du er på jobb.

Vi kjem tilbake med informasjon om dose 2 i midten av august.