Austevoll kommune

Står du i manntalet?

For å kunne røysta ved valet måndag 9. september 2019, må du vera innført i manntalet.  Dette kan du kontrollera i manntalslistene som er lagt ut for ettersyn fram til valdagen. 

Dersom du har flytta til ein annan kommune og melding om flytting ikkje er motteken hos folkeregisteret innan 30. juni 2019, står du framleis i manntalet i den kommunen du har flytta frå.  Du kan velja om du vil røysta på valdagen i den kommunen du har flytta frå, eller om du vil førehandsrøysta i Austevoll kommune. 

Står ikkje namnet ditt i manntalslistene som er lagt ut, eller det er andre feil i listene, kan du klage til valstyret.  Klagen må vera skriftleg og grunngjeven.  Valstyret vil rette feil i manntalet så lenge det er praktisk mogeleg fram til valdagen.

Spørsmål om du står i manntalet kan rettast til tlf. 55 08 10 00.

Manntalslistene er lagt ut på desse stadane:

Austevoll kommune, servicekontoret, 2. etasje i Storebøportalen, Storebø
Austevoll folkebibliotek, Bekkjarvik
Austevoll lensmannskontor, Storebø.

Valstyret si adresse:  Valstyret i Austevoll kommune, Birkelandsvegen 2, 5392 Storebø.
 

Meir informasjon om manntalet kan du lesa på nettsida til Valdirektoratet

Fann du det du leita etter?