STOR SKOGBRANNFARE: TOTALFORBOD MOT BRUK AV ELD

Skogbrannfaren er no stor i Austevoll og elles på vestlandet, og ser ut til å verta større i dagane som kjem. Austevoll brann og redning innfører difor totalforbod mot å gjere opp eld utandørs frå og med i dag, torsdag 15. juni 2023. 

Illustrasjon: Bilete av brannbil - Klikk for stort bileteBrannbil Austevoll kommune

Forbodet gjeld foreløpig fram til 30. juni 2023. Brannsjefen vil då ta ei ny vurdering om det er naudsynt å forlenga totalforbodet.

 

Totalforbod - Kva inneber det?

Ved eit totalforbod er det ikkje lov å gjere opp eld:

• i og i nærleiken av utmark og innmark

• på tilrettelagte grill- og bålplassar i eller i nærleik av skog og utmark

Forbod i utmark og innmark

Under eit totalforbod er det ikkje lov å brenne bål, nytta grill, stormkjøkken, andre kokeapparat, bålpanner og anna brenning med fast brensel (ved, kull, briketter, gras, greiner ol.). Dette gjeld i skog og annan utmark eller så nær at eld lett kan spreiast vidare i terreng, samt innmarksområder.

Kva er innmark og utmark?

• Innmark er dyrka mark, engslått og kulturbeite.

• Utmark er det meste av skog, strand, fjell, eng, myr, vatn og annan type landskap

Skuler og barnehagar

Brannvesenet mottar mange førespurnader frå skular og barnehagar som ønske å tenna bål eller bruke grill på tur. No når det er totalforbod oppmodar vi til å finna andre løysingar for å kose seg med mat ute.

Lov å grille i eigen hage

Vi presiserer at det framleis er lov å grille i opparbeida hage. Hugs at du alltid er ansvarleg når du gjer opp eld, uansett kor du er og når på året det er.

Verksemder

Vi ber også verksemder som driv med til dømes skogdrift, linjearbeid kraft og tele, jakt, kantklipping av vegnettet, og liknande om å vurdere og etablera tiltak for å redusere risiko for brann.

 

Din eld – ditt ansvar!

 

Totalforbodet gjeld heile Austevoll kommune.

Det vil ikkje bli gitt dispensasjonar for jonsokbål.

 

Kontaktinformasjon til vakthavande brannsjef: 911 60 851

 

Mvh

Hans Petter Bjånesøy

Brannsjef Austevoll kommune