Austevoll kommune

Stort engasjement om sentrumsplanen

Storebø - Klikk for stort bilete

Sentrumsplanen for Storebø har skapt stort engasjement. Her er status for arbeidet så langt.

Ei rekke privatpersonar og offentlege mynde har kome med innspel til sentrumsplanen for Storebø. Til saman er det mottatt 70 innspel, og det er heile 150 merknader og spørsmål som skal behandlast før planen kan godkjennast.

I høyringsperioden blei det halde seks innspelsmøter der innbyggjarane fekk informasjon om planarbeidet og høve til å kome med innspela sine. 10. april blei det halde møte med Kystverket, Hordaland fylkeskommune, Statens vegvesen og Fylkesmannen i Hordaland. I møtet blei blant anna følgjande tema drøfta:

  • At nye småbåtanlegg ikkje må hindre skipstrafikken i Vestre Storebøvågen til og frå Storebø kai og Hippakaien.
  • Fylkesmannen trekker motsegn mot naust langs vestsida av Prestaneset under føresetnad av at det sørlegaste naustområdet, eitt av tre naustområde, blir tatt ut av planen, og at det i attverande naustområde skal byggast fellesnaust der kvart bygg inneheld fleire naustbuer.
  • I møtet blei det semje om at bussterminalen ved Storebøportalen skal plasserast lengst sør på den øvre parkeringsplassen, og ikkje overfor bruvegkrysset slik som i dag. Dette vil betre trafikkavviklinga og vere ei meir trafikksikker løysing.
  • Det blei semje om at det kan etablerast mellombels kryss til Storebøportalen (Coop Extra) ved dagens kollektivterminal, i påvente av bygging av rundkøyring.
  • Vegvesenet ønskte ei fast byggegrense langs fylkesvegane, som det blei semje om skal vere 2,0 meter rekna frå bakkant av fortau.
  • At det skal gjennomførast ei kartlegging av kulturminne i delar av planområdet.

I møtet blei det klart at dei offentlege mynda trekte sine motsegn mot tiltak i planen.

Sentrumsplanen sikrar ei meir heilskapleg utvikling av bygda, der trafikale tilhøve, omsyn til gåande og syklande, og behovet for fleire, gode bustadområder og næringsområde sett i samanheng. Det er stort engasjement og kommunen jobbar for at planen kan godkjennast så raskt som mogleg.

Prosessen som gjenstår no er å bli ferdig med å vurdere alle dei innkomne merknadane. Dessutan ventar me på avklaring av korleis Statens vegvesen sin komande reguleringsplan for vegen mellom Storebø skule og Austevoll ungdomsskule grip inn i sentrumsplanen. Parallelt med dette jobbar Norconsult, som er kommunens plankonsulent, og kommuneadministrasjonen med endringane som må gjerast i plankartet og i føresegnene til planen.

Det er alltid vanskeleg å angje kor lang tid den vidare prosessen vil ta. Fordi det vil bli gjort ein del endringar samanlikna med forslaget som har vore på høyring, så skal det endeleg planforslaget på ein siste høyringsrunde før det kan godkjennast. I denne runden vil alle få innsyn i kva vurderingar som er gjort av alle innspela som er mottatt, kva som blir ivaretatt i planen og kva forslag som eventuelt ikkje blir støtta.

Målsettinga er at sentrumsplanen kan endeleg godkjennast på seinhausten.

Her kan du lese saksdokumenta om sentrumsplanen.

Fant du det du leita etter?