Austevoll kommune

Takk for frivillig kjempeinnsats

Austevoll kommune takkar alle frivillige som hjelpte til under årets influensavaksinasjon.

Klikk for stort bileteIda HeggholmenIda Heggholmen, konstituert kommunalsjef for helse og velferd, fortel om stor innsats både frå frivillige og helsepersonell.

– Dei har gjort ein kjempeinnsats og vi er stolte over å ha innbyggjarar som verkeleg stiller opp når det trengs, seier Ida Heggholmen.

– Ein stor takk også til alle tilsette som har bidratt slik at vi har fått gjennomført vaksinasjonane på ein veldig god måte, ikkje minst med tanke på smittevern.

Det meste av årets vaksinering har skjedd i Austevoll frivilligsentral ved Austevollbadet. Ved å bruke eit eige lokale til dette har ein kunna vaksinere langt fleire, og utan at det har skapt plassproblem ved Austevoll helsehus. 

Når storinnrykket av vaksinasjonar no er gjennomført viser talet at 900 personar er vaksinerte mot influensa.

– Både vaksinering og testing av covid-19 viser kor dyktige fagfolk me har i kommunen, og kor godt samarbeid det er med innbyggjarar og frivillige.

På bildet er ein av våre flotte frivillige, Anne Gunn Hatlevik, i arbeid under influensavaksineringa.