Austevoll kommune

Temaplan for landbruk i Vestland 2023-2027

Vestland Fylkeskommune har lagt «Temaplan for landbruk» for perioden 2023-2027 ut på høyring.

Fylkeskommunen inviterer i denne anledning kommunane i Vestland og andre med interesse for landbruket i fylket til eit ope høyringsmøte.

Kva er føremålet med planen?

  1. Temaplan for landbruk i Vestland 2023-2027 skal sikre at arbeidet knytt til næringsutvikling innan landbruk blir samordna.
  2. Planen skal også sette retning for verkemiddelbruk og peike på moglegheiter og utfordringar for vestlandslandbruket på kort og lang sikt. 
  3. Temaplan for landbruk skal bidra til godt jordvern for å ta vare på matjorda.
  4. Samstundes skal planen legge til rette for ei sterk og framtidsretta landbruksnæring som gjer våre lokalsamfunn levande og berekraftige. 

 

Merk: Høyringsmøte på Teams 27. september kl. 9 – 11.30.

 

Lenke til påmelding:

https://www.vestlandfylke.no/kalender/2022/hoyringsmote-temaplan-landbrukruk/

Merk: Høyringsfrist: 14. oktober 2022