Test av nødvarsel

Test av nødvarsel - Klikk for stort bileteIllustrasjon av nødvarsel på mobil frå førre test i juni 2023. DSB

Onsdag 10. januar klokka 12 blir det gjennomført test av nødvarsel på mobil og Sivilforsvarets varslingsanlegg over heile Norge i ein felles nasjonal varslingsprøve.

Om lag klokka 12 vil du få ei melding på mobil og mobiltelefonen vil vibrere og gje ifrå seg eit høgt lydsignal. Om du ikkje får meldinga betyr det at mobiltelefonen din er eldre eller at du ikkje har oppdatert den til å ta imot nødvarsel.

Meldinga fjernar du på vanleg måte, etter kva mobiltelefon du har.

Det er politiet som sender ut test av Nødvarsel på mobil. Samtidig testar Sivilforsvaret tyfonanlegg i heile landet med varsel "Viktig melding- søk informasjon".  Tilsvarande test blei gjort i juni 2023.

Denne nasjonale testen vil høyrast godt, særleg om det er mange menneske samla.

De kan finne meir informasjon her.