Tidlegstemming frå 3. juli

Logo valg - Klikk for stort bileteLogo valg Valdirektoratet

Er du ikkje heime på valdagen? Reiser du fra landet før valdagen eller før ordinær førehandstemming opnar? Eller er du på jobb i same periode? Eller kanskje ønsker du å stemme tidleg? Du kan stemme allereie no.

Du kan førehandstemme på kommunehuset, måndag til fredag mellom klokka 09.00 og 14.00.

Ta med legitimasjon med bilde. Eksempel på legitimasjon er pass, førarkort og bankkort med bilete. Elektronisk førarkort blir også godteke. 

Når tidligstemminga opnar er ikkje dei ordinære stemmesedlane ferdig trykte. Du må derfor bruke ein “generell stemmeseddel”. På desse vil det berre stå namn på parti som er sentralt registrerte, men det er tomme felt på seddelen der du kan skrive namnet på det partiet du ønsker å stemme på. I løpet av juli månad kjem dei ferdigtrykte stemmesedlane med namn på.

10. august startar ordinær førehandsstemming.

På valdagen kan du berre stemme i den kommunen du er manntallført, er du manntallsført i Austevoll kan du stemme her:

Valgtingslokale i Austevoll