Til deg som fyller 80 år i 2022

  

Austevoll kommune ønsker å starte eit nytt tilbod til deg som fyller 80 år i 2022. Tilbodet er eit førebyggande og helsefremmande tiltak som skal bidra til at du kan klare deg best mogleg i kvardagen.

Tilbodet er eit samarbeid mellom fastlegetenesta, Ergo-fysioterapitenesta og frivilligkoordinator. Du vil få ein time hos sjukepleiar ved fastlegekontoret der du får ein helsesjekk, og deretter får du tilbod om eit forebyggande heimebesøk av ergoterapeut og fysioterapeut. Tilbodet er gratis og frivillig.