Austevoll kommune

Til saman 225 personar er testa i Austevoll

Til saman 225 personar er testa for koronaviruset i Austevoll.

Til no er det blitt påvist fire koronatilfelle av legetenesta i Austevoll kommune. Det er påvist ytterlegare éin smitta der testen er utført av Haukeland universitetssjukehus. 

Alle dei som har påvist covid-19 i Austevoll kommune er friske.

Måndag 27. april kom det nye retningslinjer for kven som skal testast for koronaviruset.

Testkriteria gjer at mange fleire skal testast, blant anna personar som er sjuke i meir enn 2 dagar med luftvegssymptom eller som er tilvist av lege.

Utførte testar i Austevoll kommune:

  • Veke 11: 16
  • Veke 12: 26
  • Veke 13: 33
  • Veke 14: 6
  • Veke 15: 1
  • Veke 16: 1
  • Veke 17: 4
  • Veke 18: 19
  • Veke 19: 40
  • Veke 20: 39
  • Veke 21: 40

Folkehelseinstituttet publiserer dagsrapportar for heile landet om talet på smitta og gjennomførte testar.