Austevoll kommune

Til saman 649 personar er testa i Austevoll

Til saman 649 personar er testa for koronaviruset i Austevoll.

Ingen nye smittetilfelle er påvist.

Me oppmodar alle som har vore på reise i utlandet om å bli testa før ein byrjar på skule, barnehage og jobb. 

Alle som opplever luftvegssymptom, feber eller har nedsett smaks- og luktesans må halde seg heime, og ikkje gå på jobb, barnehage eller skule, eller oppsøke plassar der andre ferdast. Ta kontakt med legekontoret for koronatesting.

Koronatestinga skjer måndag til fredag. Ta kontakt på koronatelefonen 966 25 320 og helst før kl. 11.30.

Utførte testar i Austevoll kommune:

  • Veke 11: 16
  • Veke 12: 26
  • Veke 13: 33
  • Veke 14: 6
  • Veke 15: 1
  • Veke 16: 1
  • Veke 17: 4
  • Veke 18: 19
  • Veke 19: 40
  • Veke 20: 39
  • Veke 21: 40
  • Veke 22: 49
  • Veke 23: 36
  • Veke 24: 19
  • Veke 25: 21
  • Veke 26: 20
  • Veke 27: 27
  • Veke 28: 22
  • Veke 29: 45
  • Veke 30: 39
  • Veke 31: 48
  • Veke 32: 98

Folkehelseinstituttet publiserer dagsrapportar for heile landet om talet på smitta og gjennomførte testar.

Til no er det blitt påvist fem koronatilfelle i Austevoll kommune. Alle dei som har påvist covid-19 i Austevoll kommune er friske, og det er ikkje påvist nye smittetilfelle.