Austevoll kommune

Til saman 75 personar er testa i Austevoll

I løpet av dei siste vekene er 75 personar testa for koronaviruset i Austevoll.

Saka er oppdatert laurdag 28. mars.

Av testane som er utført her i kommunen, er det tre påvist smitta.

Her kan du lese meir om kva personar som er prioritert for testing av koronaviruset.

Utførte testar i Austevoll kommune:

  • Veke 11: 16
  • Veke 12: 26
  • Veke 13: 33

Talet for testar i veke 13 gjeld til og med fredag 27. mars.

Folkehelseinstituttet publiserer dagsrapportar for heile landet om talet på smitta og gjennomførte testar.