Austevoll kommune

Tildeling av spelemidlar til Austevoll 2019

Klikk for stort bilete

Tildeling av spelemidlar for 2019 er her. Fekk du avslag på søknaden din kan den fornyast til hausten.

Nytt for søknadsrunden for 2020 er at du ikkje lenger treng å søkja om idrettsfunksjonell førehandsgodkjenning. Samstundes presiserer me at tilsvarande vedlegg må ligga ved søknaden om spelemidlar.

Dersom du allereie har fått idrettsfunksjonell førehandsgodkjenning for anlegget ditt skal denne leggast ved søknaden med tilhøyrande vedlegg.

Søknadsportalen opnar 1. september og frist for å senda inn søknad er 15. oktober.

Du kan allereie no kontakta oss for registrering av anlegget ditt i anleggsregisteret og for innmelding av planlagt bygging eller rehabilitering av anlegg til plan for idrettsanlegg, nærmiljøanlegg og friluftsliv.
Siste frist for innmelding til plan for idrettsanlegg, nærmiljøanlegg og friluftsliv er 1. september. Anlegg som ikkje er meldt inn innan fristen, vil ikkje vera spelemiddelberettiga for søknadsrunden 2020. Du melder inn anlegget ditt her.