Austevoll kommune

Tildeling av spelemidlar til Austevoll 2021

Klikk for stort bilete

Vedtak om tildeling av spelemidlar for 2021 er kome, sjå tildeling over. 

Fekk du avslag på søknaden din, kan den fornyast til hausten. 

Søknadsportalen opnar 1. september og frist for å senda inn søknad er 15. oktober. Meir informasjon finn du her.

Du kan allereie no kontakta oss for registrering av anlegget ditt i anleggsregisteret. 

Frist for innmelding av planlagt bygging eller rehabilitering av anlegg til plan for idrettsanlegg, nærmiljøanlegg og friluftsliv er 1. september. Du melder inn anlegget ditt her.

Anlegg som ikkje er meldt inn innan fristen vil ikkje vera spelemiddelberettiga for søknadsrunden 2021.

For detaljert informasjon om spelemiddelordninga sjå regjeringa sine nettsidar