Austevoll kommune

Tilskot til inkludering av barn og unge i kulturlivet 2023

Lag, foreiningar og organisasjonar kan søka tilskot til inkludering av barn og unge i kulturliv.

Kulturtanken delar ut 13 millionær kroner til inkludering av barn og unge i kulturlivet.

Målet med ordninga er å gi barn og unge moglegheit til å delta i felles kulturaktivitetar på tvers av blant anna kjønn, etnisitet, funksjonsevne, sosial- og økonomisk bakgrunn og bustad.

Med kulturaktivitetar meinast i denne samanhengen aktivitetar innan felta musikk, teater, dans, litteratur, film og media, visuell kunst, dataspel, kulturarv, arkitektur og design, og tverrgåande kunst og kultur.

Tilskotet skal nyttast til tiltak retta mot barn (6–12 år) og ungdom (13–19 år).

Søker må være registrert i Frivilligheitsregisteret.

Enkeltpersonar, kommunar eller kommunale verksemd og kommersielle føretak kan ikkje stå som søker av støtte.

Det kan søkast tilskot til:

  • Leie av eksterne lokalar
  • Materialar
  • Honorarar til eksterne bidragsytarar
  • Marknadsføring
  • Deltakaravgift
  • Aktivitetar

Søknadsfrist er 1. mars 2023.

For meir informasjon og søknad trykk her.