Tilskot til vedlikehald og oppgradering av turstiar
No kan frivillige lag og organisasjonar, samt private søkje om midlar til vedlikehald og oppgradering av turstiar i kommunen.
Publisert 17.11.2023 12.52
Sist endra 17.11.2023 13.28
sherpatrapp til veten
Austevoll kommune deler ut ein pott på 100 000 kr. Frist for innsending av søknad er 28. november 2023.
Kva kan ein søkje om:
Ein kan søkje om midlar til små vedlikehalds og oppgraderings tiltak på turstiar.
Døme på tiltak er:
- Påfylling grus
- Dreneringstiltak
- Bygging av bru/trapper
- Merking
- Sti rydding
- Tilrettelegging for parkering
Kriteria for å søke:
- Tiltak på eksisterande tursti jamfør plan for friluftslivets ferdselsårer
- Det føreligg grunneigaravtale
Øvre søknadssum:
25 000 kr
Dokumentasjon:
- Søknadsbrev
- Budsjettoppsett
- Grunneigaravtale
Send søknad og dokumentasjon til postmottak@austevoll.kommune.no
Lenke til plan for friluftslivets ferdselsårer - plan-for-friluftslivets-ferdselsarer-2023-2037.pdf (austevoll.kommune.no)