Totalforbod for bål og grilling gjeld framleis

Illustrasjon: Bilete av brannbil - Klikk for stort bileteBrannbil Austevoll kommune

Det ekstraordinære totaltforbodet for å gjera opp eld (bål, grill osv.) gjeld framleis.

  • Sjølv om det har kome litt nedbør dei siste dagane er det forventa at fareindeksen for skogbrann vil auke.
  • Risikoen for skogbrann er dermed framleis stor.
  • Det ekstraordinære totaltforbodet for å gjera opp eld (bål, grill osv.) gjeld derfor framleis.

I vurderinga til kommunen har ein tatt omsyn til ei rekke faktorar, mellom anna nedbørsmengd, vind, skogbrannfareindeks, topografi, og beredskapen i kommunen og i regionen. I kombinasjon med Sankthansfeiring og dei lange båltradisjonane i kommunen blir det ekstraordinære forbodet mot å gjere opp eld, vidareført i Austevoll kommune.

Det har vore gode, faglege diskusjonar med andre brannvesen i regionen. Kvart av desse tar vurderingar basert på ulike lokale tilhøve. Dette kan også føre til at kommunane i regionen har ulik praksis. 

Nokre kommunar har hatt styrtregn og fått større nedbørsmengdar. Dette har me ikkje hatt i Austevoll. Alle kommunar i distriktet sør og aust for Austevoll opprettheld same forbodet som her i kommunen, medan andre kommunar nord for oss lempar litt på forbodet.

Etter ei samla vurdering blir derfor det gjeldande forbodet vere i kraft inntil vidare. Kommunen følgjer nøye med på utviklinga og vil kome med meir informasjon så snart situasjonen endrar seg.

Det ekstraordinære forbodet vil halde fram til 30. juni eller til det blir oppheva.

Til slutt vil me uttrykke vår takksemd til innbyggjarane i Austevoll for deira forståing og samarbeid i denne perioden med ekstraordinære restriksjonar.

Me oppmodar alle til framleis å vere merksame og ta nødvendige førebyggjande tiltak for å unngå brannar. Branntryggleiken er eit felles ansvar og saman kan me oppretthalde trygge omgjevnader for alle.