Austevoll kommune

Totalforbudet om å gjere opp eld utandørs er oppheva

Brannsjefen opphever torsdag 14. juni 2018 totalforbudet mot å gjere opp eld utandørs i Austevoll kommune frå og med fredag 15. juni.

Regn og lave temperaturar har ført til at skogbrannfaren har sunke betraktelig i distriktet dei siste dagane.

Vi har gjennom denne uvanlig tørre perioden unngått større gras- lyng og skogbranner, og det kan vi takke innbyggarane for!

De har stort sett lytta til våre råd og fulgt våre anbefalingar, sjølv om ikkje alle har vore einige.

Vi minner samtidig om det generelle bålforbodet som varer frå 15. april til 15. september. I denne perioden er det ikkje tillete å tenne opp bål, grill og eingongsgrill i nærleiken av skog og all anna utmark i Norge.