Uautorisert tilgang til Norkart

Norkart AS, ein av kommunen sine fagleverandørar, har hatt innbrott i søketenesta si.

Innbrotet blei avdekka 05.05.22 kl. 13.12 og sårbarheita blei stengt kl. 13.29. Sårbarheita skyldast feil i brannmuren, noko som ga uautoriserte tilgang for uvedkommande. Uvedkommande kan dermed sitte på informasjon om innbyggarar i deira kommune.

Informasjon som namn, adresse og fødselsnummer for tidlegare eigarar, eksisterande eigarar, festarar og eigarar av burettar er påverka. Personar med fortrulege adresser og/eller skjermede bygg er ikkje omfatta av hendinga.

Norkart minner om Datatilsynets råd for å unngå misbruk av personopplysningar som du finner på: Hvordan forebygge og oppdage identitetstyveri? | Datatilsynet

Dersom kommunen har behov for meir informasjon i anledning saken, ta kontakt med Norkart på tlf. 67 55 14 00 eller e-post info@norkart.no. Deira personvernsansvarlege kan også nåes på personvern@norkart.no.