Austevoll kommune

UKM i Austevoll 2023. Påmelding har opna!

Er du mellom 13 og 20 år?

Driv du med song, musikk, dans, kunst, film, skriving, teater eller noko anna som kan synast fram for eit publikum?

Har du lyst til å syne fram det du driv med og treffe andre som driv med det same?

Eller har du lyst til å vere med som arrangør?

Då må du melde deg på UKM i Austevoll!

Tid og stad:                 Kongsen kultursal, 19. februar kl. 17.00.

Påmeldingsfrist:          25. januar.

Info og påmelding:         www.ukm.no