Denne artikkelen er over 1 år gammel og kan innehold utdatert informasjon

Ungdomane opna Kongsen kultursal med brask og bram!

 
Torsdag kveld og ein stappfull Kongsen kultursal – Astrid og hennar gjeng på 85 ungdomar leverte så taket tidvis letta i den nye storstova i kommunen.

Kvelden byrja med ei høgtideleg og fin opning av salen ved ordførar Morten Storebø. Viktige eldsjeler blei framheva og navnet på salen blei kunngjort – Kongsen kultursal. Me har fått ein flott kultursal som skal brukast til gode kultur- og musikkopplevingar i mange år framover. I salen var det mange stolte foreldre, søsken og besteforeldre som fekk ein fin kveld. Det var også representantar frå politiske råd og utval til stades – dei fekk verkeleg sjå kor flinke og engasjerte ungdomar me har i kommunen vår. Ordførar og varaordførar avslutta kvelden med bukettar til dei ansvarlege for forestillinga – det var berre smilande og blide fjes å sjå når kvelden var slutt.

Bjarte Madsen