Austevoll kommune

Ungdomsrådet vil ha betre vegar og busstilbod

Austevoll ungdomsråd ber fylkeskommunen sikra vegane og forbetre busstilbodet i kommunen.

Austevoll ungdomsråd har i dag vedtatt to uttaler som skal sendast til Hordaland fylkeskommune og til kommunestyret i Austevoll. Begge uttalene handlar om samferdselssaker, den eine om behovet for å utbetre trafikkfarlege vegar og flaskehalsar i kommunen, og etablere fleire gang- og sykkelvegar og fortau. Den andre uttalen viser til at Austevoll har eit svært dårleg busstilbod og at fylkeskommunen må auke ruteproduksjonen i Austevoll.

Nedanfor kan du lese uttalene frå Austevoll ungdomsråd:

Krav om betre busstilbod i Austevoll og til og frå Krokeide ferjekai

Austevoll har om lag 5.220 innbyggjarar og ein forholdsvis høg del barn og unge. I tillegg til fastbuande ungdom, er det eit stort tal ungdom og unge vaksne som er elevar ved Austevoll vgs. og bur i Austevoll i vekedagane. Betre busstilbod er også eit viktig klimatiltak, for å redusere bruken av privatbil og scooter.

Austevoll har eit svært dårleg busstilbodet, ikkje minst på kveldstid og i helgene. På kvardagar er eit opphald på tre timar mellom nest siste og siste busstur mellom Bekkjarvik og Storebø. På laurdagar er det berre éin busstur frå Bekkjarvik til Storebø (kl. 08.06), og berre to i motsett retning (09.00 og 14.45).

Dårleg rutetilbod, særleg i Sunnhordland, set sitt preg på Hordaland fylkeskommunes folkehelsearbeid fordi det i distriktet er temmeleg låg del som rapporterer at dei har god tilgang til offentleg transport. Dette gjeld ikkje minst for Austevoll, slik det kort er gjort greie for ovanfor.

Det at det berre går éin buss i nordgåande retning på laurdagar synleggjer at kollektivtilbodet i Austevoll er altfor dårleg. Busstilbodet må styrkast. Dette er ikkje minst viktig for ungdom og unge vaksne, som i dag ikkje kan ferdast rundt i kommunen på ein god nok måte. Behovet for busstilbod blir dessutan forsterka av at vegnettet i Austevoll dei fleste plassar har svært låg standard, at gang- og sykkelvegar og fortau i hovudsak berre eksisterer i kommunesenteret Storebø, og at det derfor er trafikkfarleg å ferdast på fylkesvegnettet for mjuke trafikkantar. 

Austevoll ungdomsråd ber derfor fylkeskommunen om å utbetre rutetilbodet for buss i Austevoll kommune, og vil særleg peike på følgjande behov:

  • Rutetilbodet på laurdagar må utvidast monaleg i heile kommunen.
  • Rutetilbodet på sundagar må betrast med nye bussturar tidlegare på dagen i heile kommunen.
  • Rutetilbodet på kvardagar må betrast med ny busstur tidleg og seint på kveld i kommunen.
  • Fylkeskommunen må sørge for at det er korrespondanse mellom buss, båt og ferje, og ikkje slik som i dag der dei ulike kollektivtilboda er i utakt, ofte berre med minuttars skilnader.
  • Innføre «Trygt heim»-ordninga i Austevoll.

Krav om trygge vegar i Austevoll kommune

Det fylkeskommunale vegnettet i Austevoll kommune har i hovudsak svært låg standard, få strekningar med gang- og sykkelveg og mange trafikkfarlege punkt og strekningar.

Austevoll ungdomsråd vil oppmode fylkeskommunen om å gjennomføre utbetringar av dei mest trafikkfarlege strekningane og plassane i Austevoll, med særleg vekt på å gjere det tryggare å ferdast for mjuke trafikkantar.

Ungdomsrådet meiner det må etablerast fortau eller gang- og sykkelvegar langs fylkesveg der det er bebyggelse og der mjuke trafikkantar må ferdast langs vegen. Plassar med dårleg sikt og flaskehalsar må utbetrast. Det må også fleire stadar etablerast skikkelege busshaldeplassar, med venteområde og venteskur, og trygg kryssing av fylkesveg.