Austevoll kommune

Ungjobb 2021

Klikk for stort bilete Foto: frå venstre Heidi Marie Kolbeinshavn, Martin Storebø Koh, Frida Fagerbakke, Frida Bjørhovde 

Tida til ungdommen frå Ungjobb 2021 i Austevoll kommune er no over! 

16 ungdommar har hatt sommarjobb i Austevoll kommune i år og dei har gjort ein fantastisk jobb. 

Ungjobb har vore fordelt på fira gruppe som har jobba 2 veke kvar, gjennom heile sommarferien. Dei har gjort ein enorm god og verdifull innsats for kommunen. 

Austevoll kommune har lagt vekt på å gi ungdommane varierte oppgåver. Ingen dagar har vore like, nokon travle og andre rolegare, men dei har vore engasjert og positiv heile vegen. 

Dette er nokon av oppgåvene dei har hatt:

  • Ekstrahjelp på PO senteret
  • Opning og drift av BUA utstyrssentral
  • Vaksinevakt
  • Arrangert sosialt treff på Frivilligsentralen
  • Assistert FDV, vaktmestertenesta, med maling av bygg, rydding og fjerning av ugras på kommunale eigedomar 
  • Open hall vakt med AIK
  • Arrangert aktivitetsdagar for Miljøarbeidartenesta
  • Vore med på organiseringa av ute konsert ved Bekkjarvik omsorgsboligar
  • Klargjere Austevoll ungdomsskule for nytt skuleår

Alle ungdommane vil bli sakna av fleire tilsette og eininga i Austevoll kommune. Det har vore kjekt å bli kjend med dei, jobba saman med dei, og me takkar for den gode jobben dei har gjort.

No må me klara oss på eigen hand!