Austevoll kommune

Utlysing av midlar frå kommunalt næringsfond

Austevoll kommune lyser ut midlar bedrifter, etablerarar og næringsaktørar til tiltak som motverkar negative verknader av covid-19.

Søknad må sendast via www.regionalforvaltning.no etter oppretting av eigen bruker. Søk på "Austevoll kommune" i søkefeltet for å finne utlysinga. Søknadsfristen er 6. november 2020.

Austevoll kommune er tildelt kr 2.153.838,- til kommunalt næringsfond. Målgruppa for desse midlane er bedrifter, etablerarar og næringsaktørar. I vurderinga av søknadene skal det leggjast særleg vekt på tiltak som

  • fremmar auka aktivitet, sysselsetting og verdiskaping basert på lokale utfordringar, behov og potensial
  • tiltak som motverker negative verknader av covid-19
  • tiltak som kjem i gang raskt

Kommunane kan unntaksvis tildela midlar til eigne tiltak som oppfyller formålet. Samla tilskot skal som hovudregel ikkje overstiga 50% av kapitalbehovet i prosjektet, og det skal aldri overstiga 75%. Alle tilskot etter reglane for offentleg støtte skal registrerast i regionalforvaltning.no.

Sjå nærare vilkår i midlertidig forskrift om tilskudd til kommunale næringsfond som følge av covid-19-utbruddet.

Utbetaling av tilskot

Tilskotsmidlane utbetalast etterskotsvis. Tilskotet kan likevel delvis utbetalast inntil 50 prosent etter kvart som tilskotsmottakaren dokumenterer framdrifta i gjennomføringa av tiltaket. Er det naudsynt for at prosjektet skal kome i gang, kan inntil 15 prosent av tilskotet utbetalast ved oppstart av tiltaket.

Del- og sluttutbetaling og rapportering/innsending av dokumentasjon, må skje gjennom oppretta brukarprofil på www.regionalforvaltning.no.

Det må leverast prosjektrekneskap som er attestert av autorisert regnskapsfører saman med sluttrapport. Tilskot utbetalast forhaldsmessig ift tilsagnet sin del av kostnadsoverslag. Jf. Statlege retningslinjer blir ikkje annan form for innsending av utbetalingsanmodning /rapportering godteke.

Offentlege opplysninger

Opplysninger som blir gitt i søknaden, vil i utgangspunktet være offentlege etter offentleghetslova, med mindre anna er tydeleg presisert i søknaden.

Korleis søkje

Søknad må sendast via www.regionalforvaltning.no etter oppretting av eigen bruker. Søk på "Austevoll kommune" i søkefeltet for å finne utlysinga.

Kontaktperson:

Bjarte Madsen, rådmann
E-post:  bjarte.madsen@austevoll.kommune.no
Mobil: 934 12 724