Austevoll kommune

Utlysing av midlar til utbetring av kommunale vegkryss

No kan private søke om midlar til utbetring av kommunale vegkryss frå kommunen sitt vegfond. Søknadsfrist er 01.06.2021. 

Det er satt av 500.000 kr i budsjettet for 2021. Søknaden må innehalde nødvendig informasjon om tiltaket i samsvar med vilkåra. Ved spørsmål, ta kontakt med Olav Jarnes på e-post olav.jarnes@austevoll.kommune.no.

Søknad skal sendast til postmottak@austevoll.kommune.no og merkast med "Vegfond".
 

Tildelingsvilkår for vegfond
 

§1 Austevoll kommune har i vedtak 11.04.2019 oppretta vegfond stort kr 500.000,- som
rådmannen kan nytte som bidrag til utbetring av kommunale vegkryss i samarbeid med private. Med kommunale vegkryss meiner ein eksisterande kommunale vegar, kryss og avkøyrslar, og tiltak som erstattar eksisterande kommunale vegar, kryss og avkøyrslar.

§2 Søknad om støtte frå fondet kan sendast frå brukarar eller framtidige brukarar som tar på seg å administrera og gjennomføra utbetringar i samarbeid med kommunen, i henhald til
a. kommunale vedtak
b. godkjente planar
c. rekkefølgekrav fastsett i løyve gitt i medhald av plan- og bygningslova

§3 Stønad kan bli gitt til
a. eksisterande bruk av vegen/krysset/avkøyrselen - der dagens trafikkbelasting, på grunn av eksisterande bruk av vegen, medfører særleg trafikkfarlege tilhøve og behov for utbetring.
b. nye brukarar av vegen/krysset/avkøyrselen - der auka trafikkbelasting, som følgje av nye brukarar av vegen, medfører særleg trafikkfarlege tilhøve og behov for utbetring.

§ 4 Søknader etter § 2 skal skje i form av eit OPS-prosjekt kor det er grunnlag for ei slik organisering av prosjektet.

§ 5 Deltakande partar i samarbeidet vil vere nye bustader og andre bygg som er råka av rekkefølgekrav, eller andre som på frivillig basis tek på seg medansvar for å utbetre kommunale kryss for å oppnå betre trafikale tilhøve i tråd med vilkåra i § 3 ovanfor.

§ 6 Vegfondet er finansiert av Austevoll kommune og vil bli vurdert tilført årlege midlar i samband med asfalteringssaka som blir framlagt for formannskapet i april månad kvart år.

§ 7 Eit einskildprosjekt kan maksimalt oppnå stønad kr 250.000,-. Søknadsfrist vil bli kunngjort årleg med frist 01.06.

§ 8 Nye brukarar som kjem til etter utbetring skal betale tilknytingsavgift til vegfondet/private partr. Avgifta skal tilsvare tilsvare innskot gjort av dei private regulert med konsumprisindeks. Halvparten av utrekna beløp skal betalast til vegfondet, halvparten skal betalast til vedlikeholdsfond knytta til det konkrete prosjektet.

§ 9 Denne føresegna blir forvalta av rådmannen. Austevoll kommune vil bistå med rådgjeving for å etablere eit samarbeid mellom private og kommunen i tråd med føremålet til denne føresegna. Formannskapet fattar vedtak om tildeling etter sakframlegg frå rådmannen.