Utlysing av vegfondsmidlar

No kan du søke Austevoll kommune om midlar frå vegfondet. Vegfondet er på 500.000 kroner per år og du kan få opptil 250.000 kroner i støtte per prosjekt.

Austevoll kommune har eit årleg vegfond på 500.000 kroner som rådmannen kan nytte som bidrag til utbetring av kommunale vegkryss i samarbeid med private aktørar.

Rådmannen vil fremme eiga sak om tildelingsvilkår til formannskapet. Med kommunale vegkryss meiner ein eksisterande kommunale vegar, kryss og avkøyrsler, og tiltak som erstattar eksisterande kommunale vegar, kryss og avkøyrsler.

Søknadene blir vurdert etter 15.09.2023 og skal til politisk behandling i oktober.

Prosjekta du søker vegfondmidlar til, må vere klar til å bli realisert innan eitt år om dei skal få støtte.

Du kan sjå vedtektene ved å gå inn på denne lenka. (PDF, 638 kB) 

Om du har eit prosjekt du ønsker å søke for, send søknad til postmottak@austevoll.kommune.no og merk søknaden med "Vegfond 2023".

Om du har spørsmål kan du kontakte Olav Jarnes på telefon 93 44 93 00.

Søknadsfrist er 15.09.2023.