Austevoll kommune

Utset betaling av SFO og praktisk bistand

Kommunen utset foreldre- og brukarbetaling for SFO og praktisk bistand i heimen. Dette er tenester som blei stengt fredag 13. mars.

Skular, barnehager og ei rekke offentlege tenester er stengte eller har redusert sitt tenestetilbod. Når kommunale tilbod er stengte kan kommunen heller ikkje krevje betaling frå brukarane.

Austevoll kommune utset derfor betaling for dei tenester som har brukarbetaling, i første rekke gjeld dette:

  • Skulefritidsordninga (SFO)
  • Praktisk bistand i heimen

Dette er tenester som etter planen skulle fakturerast førstkomande fredag med betaling for mars månad.

Austevoll kommune har allereie sendt ut faktura for skulelunsj. Me ber om at denne blir betalt, og så vil kommunen kome tilbake til eventuell kompensasjon.

Austevoll kommune jobbar for å finne ut korleis ein skal handtere desse økonomiske konsekvensane av koronasituasjonen. 

I første omgang har den kommunale kriseleiinga bestemt at foreldre- og brukarbetaling skal utsetjast. 

Når kommunen har meir informasjon om økonomiske verknader vil saka blir politisk behandla.