Austevoll kommune

Utviklingsstipend til idrettsutøvarar

Vestland fylkeskommune deler kvart år ut sju utviklingsstipend på 40 000 kr til unge idrettsutøvarar. Søk innan 1. oktober.

Stipenda går til utøvarar som markerer seg med gode nasjonale og internasjonale pretsasjonar innan sin idrett. Ein person kan berre motta stipendet ein gong. 

Målet med stipendet er å gje mottakarane høve til å vidareutvikle seg innan den aktuelle idretten. Stipendet skal også vere ein stimulans til vidare satsing. 

Utøvar, trenar eller særkrets kan sende inn søknaden på elektronisk søknadsskjema. Søkjaren må representere ein klubb i Vestland fylke.

Les meir og søk her