Vedrørande Gro Kalvenes si oppseiing

Kommunedirektøren mottok i dag ei hyggeleg melding frå Gro Kalvenes om at ho trekker oppseiinga si.

I ein kommentar seier Gro følgande:  

«Eg hadde eigentleg tenkt å luske meg austover,  men fine novemberdagar i Austevoll som badar i sol ombestemte eg meg. Elles så takkar eg så mykje for alle som har kome med gode tilbakemeldingar, det varmar og!»

Kommunedirektøren er glad for denne meldinga og ser fram til det vidare samarbeidet.