Austevoll kommune

Vedtak i ekstramøte

Eli Glambek er oppnemnt som setterådmann for å følgje opp arbeidsmiljøet for tilsette.

Austevoll kommunestyre var samla i ekstramøte i dag for å behandle sak om arbeidsmiljø og leiarfunksjonar i Austevoll kommune.

Kommunestyret har gjort slikt vedtak i saka:

  1. Austevoll kommunestyre tar til orientering at rådmann Bjarte Madsen har sagt opp stillinga si i Austevoll kommune. Austevoll kommunestyre beklagar dette, og stadfestar med dette at kommunestyret har tillit til rådmannen. Austevoll kommunestyre vil undersøke moglegheitene for å setje i verk tiltak for å betre arbeidsmiljøet til rådmannen slik at han kan trekke oppseiinga si.
     
  2. Austevoll kommunestyre ber Eli Glambek om å tre inn som setterådmann for oppfølging av saka. Bakgrunnen for oppretting av setterådmann er at rådmannen har meldt seg inhabil til vidare oppfølging av problem med arbeidsmiljøet.
     
  3. Mandatet til Eli Glambek er ved ein kortvarig, smidig prosess undersøke og følge opp arbeidsmiljøet for alle tilsette og at kommunen sitt omdøme ikkje vert unødig skada i tråd med gjeldande lovgiving. Mandatet omfattar inngåing av sluttavtalar og eventuelle oppseiingar, dersom det anses nødvendig for å løyse problema med arbeidsmiljøet. Advokatfirma Thommessen skal bistå setterådmannen i arbeidet med saka.
     
  4. Løysinga skal til endeleg godkjenning i kommunestyret.